Klyngetun

Radarparet, forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth, bak bøkene  «Av stein» og «Norske låver» er attende med ny bok!  Denne gongen om det norske klyngetunet. Laurdag 20. oktober kl. 14.00 kjem dei til Sunnfjord Museum for å presentere den nye boka.

Boka «Klyngetun» er historia om den norske landsbyen, klyngetunet, der familiar arbeidde og budde i hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.  Om korleis den dramatiske oppløysinga av klyngetuna endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap.

Røyrane og Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla inn stoff til bestseljaren «Noregs låver».
På si hittil siste reise har dei besøkt meir enn femti klyngetun som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.  Boka inneheld også  historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna.

På Sunnfjord Museum er fleire av dei antikvariske bygningane i tunet grupperte i eit gardstun slik det har sett ut kring 1850. Det blir omvising i friluftsmuseet og vårt «klyngetun» etter presentasjonen.

Det blir høve til å kjøpe boka og få den signert. Det blir også sal av kaffi og kaker. Billettar: 100 kr.

Hjartleg velkomen!