07.08 - 31.09
BRITA BEEN – I RUTE – VEVDE TEPPE

Med samtidsutstillinga I RUTE vil vi setje nytt lys på våre tekstile skattar, invitere til å utforske eigne tradisjonar og slå eit slag for revitalisering av desse.
I husa i friluftsmuseet, som er eit tidsbilete frå ca 1850, er tekstilar av ulik kvalitet og bruksfunksjon ein viktig del av interiøret – og utstillinga.
I utstillingssalen blir det sett opp ein oppstadvev med renning der publikum kan prøve ut smett-teknikk, ulike garnkvalitetar, og finne ruteark og fargar for eigne mønsterkomposisjonar.
Med ståstad i samtida og sitt eige formspråk har Brita Been samla inntrykk frå reiser i inn- og utland, så vel som frå bruksting i dagleglivet. Ho leikar seg med former i rutemønster som endar opp i store tekstilar, med kraftig kvalitet og koloritt, for vegg og golv. Brita Been er heile tida trufast mot krav til kvalitet i materiale og teknikk, og har solid kunnskap om og respekt for handverket som er forvalta av kvinner i generasjonane før oss.
Dette arbeidet har ført til ei aktiv separat utstillingsverksemd og deltaking på ei lang rekke utstillingar og tekstilbiennalar i inn- og utland, utsmykkingsoppdrag og undervisningsaktivitet.
Sunnfjord Museum er glade for at Brita Been sine teppe stoppar hjå oss til ut oktober!

Handverksfaget vev er på vikande front i utdanninga, og den handlingsborne kunnskapen har få arenaer å utspele seg på. Ei sentral oppgåve for musea er å vere ein slik arena.
Det vert laga tilbod om skuleopplegg og temakveldar med ulike innfallsvinklar i utstillingsperioden.
Kunstnaren vert til stades på opninga. Velkomen til stoppestad Sunnfjord Museum!
01.01. - 31.12.
DRAKTSKIKK I SUNNFJORD
(På grunn av konserveringsarbeid er denne utstillinga mellombels stengt for publikum)
Dette er ei av basisutstillingane på museet og syner ved hjelp av det store draktmaterialet vi har på museet korleis draktskikken har endra seg i Sunnfjord gjennom tidene.
I montrar kan ein sjå endringar i draktskikken over tid, men også korleis ein har kledd seg ved ulike høve, til arbeid, kvardags og til fest. Det er også høve til å sjå variantar av ulike draktelement både for menn, kvinner og born i uttrekkbare skuffer.
Det er gode høve for dei draktinteresserte å gjere detaljstudier. |

Kvamssylvet er eit av fleire bruresylv frå Jølster
|