Leige av lokale til arrangement, møter eller selskap

På grunn av smittevernhensyn tilbyr vi ikkje utleige av Huus-stova sommaren og hausten 2021.  

Ynskjer du eit lokale med spesiell atmosfære for arrangementet ditt? Sunnfjord Museum har innreidd tre av dei antikvariske husa slik at dei kan nyttast til utleige for arrangement som bryllaup, konfirmasjonar, åremålsdagar, firmafestar, møte eller anna anna. Vi tilbyr utleige både til firma og privatpersonar. 

Uteområdet i sommarhalvåret kan reserverast for grupper. Det er ikkje lov til å grille i museumstunet. 
Vi tilbyr heller ikkje lengre  utleige av grillar. 

På arrangement i museet sin regi kan det vera opent for grilling. Dette etter ei risikovurdering gjennomført av museet. 

Utleige er basert på at leigetakarar ordnar med- eller bestiller mat sjølve. 

Prisliste for utleige, bryllaupspakke og tilhøyrande tenester.

Ta kontakt på e post eller telefon sum@misf.no / tel: 57 72 12 20

Du kan reservere lokale 12 mnd fram i tid. Det er ikkje lenger mogleg å reserervere utan at dato er oppgitt på reservasjonstidspunktet.

 

Halbrendshuset 

Huset eignar seg for grupper opp til 36 personar. Heilårsbruk. Nytt moderne kjøkken. Dekketøy. 

 

halbrendshuset sunnfjord museum
Halbrendhuset

Huusstova

Eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Kjøkken. Dekketøy. 

 

huusstova sunnfjord museum
Huusstova

Sersjantløa 

Eignar seg for grupper opp til 120 personar. Kaffitraktar, kjøleskap og fryseboks. Til bruk i sommarhalvåret. Ikkje dekketøy.

 

sersjantløa sunnfjord museum
Sersjantløa