Bilde av bygg og figurar  i pepperkake

Vi inviterer til førjulstid i Movika. 

"Pepperkakebygda mi" 2021 opnar laurdag 27. november, og held opent sundagane før jul, frå sundag 28. november til sundag 19. desember. Sjå Facebooksida vår for opningstider. Du kan også kome innom å sjå pepperkakebygda i museet si opningstid måndag til fredag, 10.00 - 15.00. Har du lyst til å levere inn bidrag til bygda vår kan du gjere dette innan torsdag 25. november. Du kan kome innom i museet si opningstid (frå 8.30 til 15.30.) Torsdag 25. november har vi ope til 20.00 for dykk som vil levere inn bidrag. 

Vi har også fått inn mange fine julevarer i butikken vår, så kom gjerne innom for litt julegåvehandel også! 

Nytt av året er at vi også pyntar plasstova til jul, slik ho ville sett ut på 1870-80 talet. Bli med på ei reise i tid, og sjå og lær kva juletradisjonar vi framleis har med oss i dag! 

Som vanlig er det også tilbod om Jul i gamle dagar til skular og barnehagar. Her kan de lære om gamle juletradisjonar, vera med på julverkstad og gå rundt juletreet.  Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal (ninbre@misf.no, 41 42 19 59) om du har lyst til å tinge dette. 

Vel møtt!