Flyfoto av friluftsmuseet

Sunnfjord museum ynskjer velkomen til deg og dine sommaren 2021!

Vi er framleis i ein pandemi, og vi må tilpassa dei rådande retningslinjene frå offentlege helsemyndigheter. Som i fjor har vi fokus på  reinhald og passar på avstand. Dette kan føre til at noko av tilbodet vårt er noko avgrensa.

Vi vil også opplyse om at det kan oppstå situasjonar som kan føre til endringar på avdelingane våre på kort varsel. Vi tilrår at du held deg oppdatert på nett- og Facebooksida for oppdatert informasjon.

For å du skal ha en eit godt og trygt besøk hjå oss, er vi avhengig av at du som er på besøk og vi som er tilsett har eit godt samarbeid under besøket. På førehand vil vi opplyse om følgjande:

  • Om du er sjuk, også med lette luftvegsinfeksjonar eller feber så ber vi deg om å halde deg heime og heller kome til oss når du er frisk igjen. Dette gjeld sjølvsagt også om du er i isolasjon eller karantene.
  • Vi ber deg om å bruke handsprit når du kjem til museet og vask hendene ofte under besøket. Handsprit er plassert ut ved inngang og i fellesområde. Ta gjerne med din eigen handsprit om du skal bruke større delar av området.
  • Hald minst 1 meters avstand til tilsette og andre besøkande ved museet (dette gjeld ikkje de som er i same kohort)
  • Tal personar i husa og i bygga våre er avgrensa for å overhalde kravet om avstand, dette vil variere frå stad til stad og bygg til bygg. Bygga vil vera merka med eit makstal på kor mange personar som kan vera inne i dei på ei gong. Dette kan føre til noko ventetid.
  • Vi tilbyr kontaktlaus betaling og Vipps, og føretrekk dette framfor kontantar.
  • Besøkande som skal være med på omvisingar eller deltek på eit arrangement vil vi be om kontaktinformasjon. Informasjonen er vi pålagt å samle inn i samband med ein mulig smittesporingsituasjon. Vi har gode rutiner på dette, og informasjoen vil bli sletta etter 10 dager.
  • Ikkje ta unødvendig på gjenstandar i utstilling og i butikk
  • Det er ikkje sjølvbetening i kafe – vi serverer deg.
  • Vi tek imot større grupper etter avtale. Bestill gjerne på førehand om de er ei større gruppe. Du finn kontaktinformasjon på dei ulike musea sine nettsider.
  • Følger du ikkje smittevernhensyna kan vi be deg om å forlate området.
  • Kjem du frå ein kommune med høgare smittetrykk enn den museet du er på besøk på ligg i skal du følgje smittevernråda til kommunen med høgast smittetrykk.

Foto: Line Hårklau/Sunnfjord utvikling

Barn mater geit
Foto: Lene Hårklau/Sunnfjord utvikling
Museumsstølen med dyrløypepost
Foto: Sunnfjord museum