Infoplakat hengt opp på eit tre. Små dyrefigurar i bakgrunnen

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute som museet har sett opp mellom Mostien og museet, og som høver for både born og vaksne. I løypa blir du kjent med den lokale faunaen ved hjelp av informasjonstavler, dyrefigurar og dyrelydar.

Du kan starte løypa i museumstunet med første post i løypa ved grinda. Løypa går vidare med ulike postar ved Movatnet og oppover gjennom skogen. Den siste posten finn du rett ved sidan av museumsstølen.
Du kan også starte turen ved parkeringsplassen.

I år har løypa fått to nye postar, nye plakatar og nye fargar. Ynskjer du å lese meir om dei ulike dyra, om jakt, historier, sporteikn m.m., skannar du QR-koden som er festa på postkassane.

God tur!