
Korgmakar Hege Wiken kjem til museet og lærer vekk tradisjonell fletting av vedmeis.
Vedmeisa er ei korg som tradisjonelt blei laga i Hedmark, og her har dei hatt ein heilt spesiell tradisjon for å lage "meis". Flettematerialet er laga av splitta selje. Det er ei flott korg som er både morosam og tidkrevjande å lage. Dette kurset går over 4 dagar. Hege har med seg Samson Øvstebø som tidlegare har vore kursleiar i kipebinding på museet.
Pris: 2900 + 700 (materialekostnadar. Materialekostnadar betalast direkte til kursleiar.)
Kursavgifta er inkludert eit varmt måltid ein av dagane, samt kaffi/te og frukt alle dagane.
Målgruppe: Nybyrjarar/alle.
Kurset tar for seg bearbeiding av materialer, og sjølvsagt fletting av meisa.
Deltakarane må ha med seg:
• Kraftig kniv med bredt blad til splitting
• Vanleg skarp kniv til glatting av band
• Arbeidsklede
• Nistepakke
For spørsmål eller påmelding: Send ein e-post til: sum@misf.no
eller ring: 57 72 12 20.
Eller ta kontakt med formidlingsleiar Nina Renate Brendsdal.
E-post: nina.brendsdal@misf.museum.no. Tlf: 414 21 959
NB: To plassar ledige!
Påmeldingsfrist: fredag 2.oktober.