Send inn di historie frå årets 17. mai!

For mange blir 17. mai feiringa i år heilt annleis enn det vi er vande med. Vi har gjerne faste vanar og eit program for dagen, som i år blir heilt forandra.
I år inviterer Norske museum til ein stor, felles innsamlingsaksjon. Og vi treng di hjelp til å dokumentere!
Vi oppfordrar folk til å sende inn si historie om 17. mai 2020. Det gjer du ved å gå inn på Minner.no. Minner.no er ein nettstad der arkiv og museum samlar inn erfaringar, kunnskap og minner frå privatpersonar. Alle kan delta, og alt blir lagra for framtida i ein felles minnebank. Det nasjonale museumsnettverket Samtidsnett står bak innsamlingsaksjonen. Norsk Folkemuseum arkiverer og forvaltar bidraga som blir sendt inn.

Du kan og lese meir her: https://minner.no/tema/17mai2020

Fotografiet du ser her viser det lange 17.mai-toget i Vadheim i 1945. Dei har vore utover mot Vadheim Elektrochemiske Fabriker A7S på vestsida av fjorden, og er på veg tilbake til sentrum.