Dette arrangementet er avlyst!
Sundag 29. mars kl. 18.00 inviterer vi til ny museumskveld her hos oss. Denne kvelden fortel kulturhistorikar og avdelingsleiar på Sunnfjord Museum, Marie Nicolaisen, om fotografen Edward Sheriff Curtis og prosjektet "The North American Indian." Du får høyre om fotografen og prosjektet, og kva fotografia kan fortelje om si eiga samtid og nord-amerikansk historie.

På byrjinga av 1900-talet starta den amerikanske fotografen Edward Sheriff Curtis eit 30 år langt, omfattande prosjekt. Curtis sette seg som mål å fotografere og dokumentere alle indianarstammene vest for Missouri og Mississippi- elvene. Resultatet vart The North American Indian –20 bind med fotogravyre og tekstlig dokumentasjon. The North American Indian vart meir eller mindre gløymt etter Curtis sin død, men fekk ein renessanse på 1970 talet og Curtis sine fotografi er i dag å finne som «coffee table» bøker i kalenderar, på sjølvhjelpspostkort.

«Den nakne, naturbarnet og krigare, Inidanararen i Edward Sheriff Surtis’ The North Amrerican Indian.» er masteroppgåva til Marie Nicolaisen. Oppgåva er ei analyse av Curtis sitt tekstlige og fotografiske materiale av stammene Apache, Navaho og Sioux og ser både på kva historiske og samtidige impulsar ein finn i Curtis sitt materiale, og korleis dette har verka inn på vårt syn av den nord-amerikanske urbefolkinga i dag.

Billettar: 100 kr. (Inkludert kaffi og lett servering)

Hjartleg velkomen!