Måndag 17. og tysdag 18. februar kl. 10-15 inviterer vi små og store til kjekke vinterferieaktivitetar på Sunnfjord museum!

Vi fyller tunet med ulike leikar og aktivtetar, og tradisjonen tru vert det igjen rigga til bogeskyting i Sersjantløa. Oppe i utstillingssalen kan du få prøve å registrere ein gjenstand saman med konservatoren vår. I Huus-stova kan du teikne, spele spel og veve på sirkelvev. I verkstaden kan du spikke eller lage ein fuglekasse til småfuglane.
Det vert tent opp i bålpannene ute, så ta gjerne med grillmat og nyt lunsjen i friluft, eller du kan søke inn i den varme stova i Halbrendhuset, og kjøpe ein kopp kaffi og noko attåt. Museumsbutikken i resepsjonen er open som vanleg.

Velkommen til kjekke og lærerike dagar i tunet!

Billettar: 50 kr. For vaksne, born og student/honnør.
Pris for fuglekasse: 100 kr.