Torsdag 23. april, kl. 18.30 inviterer vi til museumskveld i Huus-stova. Denne kvelden er det Sverre Strandenes som skal fortelje oss om sitt store prosjekt som har fått namnet "Snus i Snogen, Tromf i Brogen - om kjenger og hankestaup."

Sverre Strandenes har i heile si yrkeskarriere arbeidd med geofysikk og seismikk innan oljebransjen, og i ein travel kvardag var ein hobby kjærkomen. Ei gradvis aukande interesse for bondeantikvitetar leia han inn på sporet etter vestnorske drikkekar, og med slekt i Sunnfjord var vegen kort til hankestaupa. Etterkvart auka interessa for kjenger, og for nokre år tilbake byrja han eit prosjekt med det føremål å kartlegge og beskrive desse drikkekara meir i detalj.

I prosjektet har Strandenes fotografert ca. 500 kjenger og ca. 200 hankestaup frå museum, bygdesamlingar og private samlarar. No kjem prosjektet ut i bokform, og vi gler oss til å få høyre meir om denne store interessa og om drikkekara som ein viktig eigendel, og korleis dei med sitt mangfold, utforming og rike dekorasjonar gjenspegla godt handverk og skapartrang blant bøndene.

 

Billettar 100 kr. Sal av kaffi og kake.
Dørene opnar kl. 18.00. Foredraget blir i Huus-stova i tunet og det er derfor eit begrensa tal plassar.

Hjartleg velkomen!