Invitasjon til museumskveldar med informasjon om foredraga.

Du har kanskje sett han fortelje om boka Norske utedoer på Lindmo på NRK? Vi er så heldige å få besøk av ein av forfattarane bak boka, Roar Vingelsgaard. Han har satt av to kveldar, sundag 23. februar og måndag 24. februar, til å halde to spennande foredrag her hos oss.



Sundag 23. februar 

Vi startar med boka «Norske utedoer» som vart lansert hausten 2019. Sundag 23. februar, kl. 18.30 vil Vingelsgaard presentere dette spennande prosjektet for oss.
Saman med folkeminnegranskar Thor Gotaas, har Vingelsgaard besøkt utedoer i alle landets fylke. Dei har funne utrulige historier om norske utedoer – ei historie som både ser på sosialhistorie, kulturhistorie, sosiologi, kjønsroller og framveksten av eit moderne Noreg.

Forlaget Gyldendal skriv mellom anna i si omtale av boka: «Hva tørket man seg med før dopapirets tid? Hvorfor hang det kongebilder på utedoene? Hvordan var de ulike tradisjonene landet rundt? Og hvorfor varierte størrelsen på dohullene? Norske utedoer omhandler det seriøse og kuriøse.»

I boka finn du også utedoen som står i tunet her på museet. Utedoen kjem frå Tufta i Gaular og har ukjent datering. Den vart satt opp på museet i 1994. Ta deg gjerne ein kikk på den når du kjem til foredraget!
 

Måndag 24. februar

Måndag 24. februar kl. 18.30 tek Vingelsgaard oss igjennom ei meir personleg historie frå boka Uforglemmelige søster. Boka handlar om tvillingane Ida og Thea Haavi fra Trysil, der Ida er forfattaren si bestemor. Dei to søstrene skiljast frå kvarandre når Thea emigrerer til Amerika i 1904, noko som vert starten på eit eventyr, men også eit stort sakn. Boka favnar historier som dannar ramme kring tvillingane, mellom anna om korleis det var å vekse opp på ein gard opp under Trysilfjellet, men og større hendingar frå denne tida både lokalt og nasjonalt.

I løpet av desse kveldane ynskjer Vingelsgaard å komme i snakk med publikum. Han arbeider akkurat no med eit nytt bokprosjekt som han har kalt «Den lille bonden». Det skal dokumentere arbeidsåret til bonden/småbrukaren/bondekona på 1950/60-talet – i heile Noreg. Livet då det eine arbeidet tok det andre, og tida då verdiar som arbeidsam og nøysemd var kvardagen. Dersom du har tips til Vingelsgaard om historier / bruk i vårt distrikt, så vil han gjerne høyre frå deg!

Det vert og mogleg å få kjøpt og  få signert bøkene.

Praktisk info 


1 foredrag: 150 kr.
2 foredrag: 250 kr. Kaffi/te og lett servering er inkludert i billetten.
Foredraga blir i Huus-stova i tunet, og det er derfor eit begrensa tal plassar.
Dørene opnar kl. 18.00.

Hjartleg velkomen til to spennande museumskveldar!