«Bedehusa har alt ein fotograf kan drøyme om. Strietapet og rørstolar, falma Jesus-bilete og norskproduserte industrilamper. Døden på Golgata og vona om evig liv.(..) Bulka kaffikjelar og sirlege årsprotokollar. Skrifta på veggen som minner om dommedag –og at Jesus lever. Alt saman pakka inn i pastell og bestemorsestetikk med hekla dukar og broderi.»

Ingen andre gudshus i verda ser ut som norske bedehus. Bedehusa har vore ein viktig samlingsstad i byar og bygder over heile landet og få rørsler har prega nordmenn meir.

Fotograf Erlend Berge såg salet av Søreide bedehus i Bergen som eit kapittel i ei større forteljing om ein kulturhistorie som var på veg til å døy ut og bestemte seg for å dra ut på vegen for å fotografere denne delen av kulturhistoria som Noreg er på veg til å miste. Han har vore i alle landets fylke og fotografert 250 bedehus og resultatet er utstillinga og fotoboka «Sjå, eg kjem snart! Bilete frå Bedehusland.»

Fotoutstillinga kan du sjå på Sunnfjord Museum mellom 30. september til 15. november. 

Du finn informasjon om utstillnga her.


Foto: Erlend Berge