|
Utstillingskassene er laga som eit puslespel der objekta er limt til kvar si brikke. Elevane kan ta opp brikkene og studere dei preparerte objekta. (Foto: Monicha Landøy)
|
Målgruppa for dette undervisningsopplegget er i hovudsak 5.-7. klassetrinn. Ved enkelte fådelte skular kan det vere aktuelt med elevar også frå andre klassetrinn.
Desse klassane skal delta på undervisningsopplegget:
| Dag |
Skule |
Klasse |
Tal |
Kontakt |
|
Mandag 7. april |
Førde barneskule |
5B |
15 |
Per Ståle Grytås |
|
Tysdag 8. april |
Vevring skule |
4-7 |
16 |
Ellen Aarseth |
|
Torsdag 10.april |
Angedalen skule |
4-7 |
20 |
Kjersti V. Eide |
| Fredag 11. april |
Naustdal b- og u-skule |
6. el. 7. |
25 |
Marit V. Kaasen |
|
Mandag 14. april |
Flekke skule |
5-7 |
14 |
Marie Aasnes |
|
Tysdag 15. april |
Slåtten skule |
6. |
25 |
Odd Hagen |
|
Torsdag 17. april |
Førde barneskule |
5A |
19 |
Per Ståle Grytås |
|
Fredag 18. april |
Slåtten skule |
6. |
25 |
Odd Hagen |
|
Måndag 21. april |
Slåtten skule |
7. |
25 |
Odd Hagen |
|
Tysdag 22. april |
Slåtten skule |
5. |
25 |
Odd Hagen |
|
Torsdag 24. april |
Slåtten skule |
5. |
25 |
Odd Hagen |
|
Fredag 25. april |
Slåtten skule |
7. |
25 |
Odd Hagen |
|
Måndag 28. april |
Sunde oppvekstsenter |
6-7 |
21 |
Bjarte Hjelm Bjørnstad |
|
Tysdag 29. april |
Sunde oppvekstsenter |
5. |
15 |
Bjarte Hjelm Bjørnstad |
|
Holsen skule |
5-7 |
7 |
Alf Foss |
Tidsrom for undervisningsopplegget vil vere frå kl. 10.00 til 13.00. I denne timeplanen er det og sett av tid til lunsj. Vi set ei grense for antal elevar pr. dag på ein klasse. Det absolutt maksimale tal elevar pr. dag er 30, men utbytet vert større for alle partar om ein er litt færre.
Dagsprogrammet vil sjå slik ut:
| Tid |
Kva |
Kven styrer |
Kor |
|
10.00-10.20 |
Velkomne. Biletserie om natur og utstopping |
Museumsformidlar |
Utstillingssalen |
|
10.30-11.15 |
Vi ser på utstilling og løyser oppgåver |
Museumsformidlar og lærar |
Utstillingssalen |
|
11.15-11.45 |
Lunsj |
Alle |
Halbrendshuset |
|
11.45-13.00 |
Vi lagar fantasifugl og rydder etterpå |
Museumsformidlar og lærar |
Verkstaden |
|
13.00 |
Evt. Svar på spørsmål. Takk for i dag. |
Museumsformidlar |
Utstillingssalen |
De kan og velje opplegg frå dei faste undervisningstilboda våre utanom den tida dette opplegget varer. Sjå her for meir informasjon
Tilbodet i seg sjølv er gratis for alle skuleelevar i Sunnfjord, men det er ein materialkostnad for kvar enkelt elev for fuglen han lagar. Denne er sett til kr. 25,- . Vi vil oppmode skulane om å søke kommuneleddet for Den kulturelle skulesekken til dekning av desse utgiftene.
Den kulturelle skulesekker har transportstøtte til museumsbesøk dette skuleåret. Så langt pengesekken rekk, dekkjer vi inntil 50% av bussreisa til dei skulane som ynskjer å kome på dette skuleopplegget. Skulane skaffar buss og får rekning på vanleg måte, og sender deretter refusjonskrav til museet. Søknad om slik refusjon må vi ha innan 31. mai.
For nærare informasjon eller påmelding, ta kontakt med Sunnfjord Museum på e-post post@sunnfjord.museum.no eller tlf: 57 72 12 20