Kontaktperson på museet er Asbjørn Tyssen
Museet kan tilby gratis skuleopplegg i tilknyting til friluftsmuseet og til utstillingar i hovudbygningen. I tillegg vil vi også utforme undervisningstilbod etter spesielle emne og ynske.
Kvar haust og vår utarbeider museet nye undervisningsopplegg for barnehagane og dei ulike klassetrinna i grunnskulen. Opplegga er i hovudsak basert på ein heil skuledag og på aktiv medverknad frå elevane i løysing av praktiske oppgåver. Informasjon om desse skuleopplegga går ut til alle grunnskulane i Sunnfjord i god tid med høve til å melde seg på.
Ein del av desse opplegga vert tilgjengelege som faste opplegg som kan tingast heile året eller i spesielle sesongar.
Faste tilbod som kan tingast
Tidlegare tilbod
|
Andre læringsressursar i Sogn og Fjordane finn du på: |
|