Jul på Sunnfjord Museum

Ta med familie og vener, og finn julestemninga i vakre, historiske omgjevnader hos oss.
Du møter eit julepynta museum med utstillinga "Pepperkakebygda mi" i utstillingssalen.
Vi håpar på eit snødekt tun der borna kan løyse julerebusen vår.
I museumsbutikken finn du julegåvene til både store og små, eller du kan nyte ein kopp kaffi og noko søtt i kafeen.

Opningstider i november og desember 2018:

Vi har ope i kvardagane frå kl. 10.00 til 15.00.

Laurdag 24. november opnar utstillinga «Pepperkakebygda mi». Museet er ope frå kl. 11.00 til 16.00
Søndag 25. november, kl. 11.00-16.00

I desember har vi og ope på følgande søndagar:
2. desember, kl. 12-16
9. desember, kl. 12-16
16. desember, kl. 12-16 (siste utstillingsdag)

Billettprisar til utstillinga:
Born 0-5 år: Gratis.
Born over 5 år, vaksne og honnør: 30 kr.
Dei som har levert bidrag til "Pepperkakebygda mi" får ein gratis inngang i utstillingsperioden.

Museumsbutikken er open utan billett. Velkommen innom til ein hyggeleg handel.

Velkommen til førjulstid på Sunnfjord Museum!