Museum + skule = sunt og sant!

Dette vart mellom anna konklusjonen etter eit treårig samarbeidsprosjekt mellom museet og ein lokal 7. klasse der målet var å setje lys på museum som ressurs for skuleverket. Vi trur at gjennom å bruke fleire sansar og praktisk arbeid vil teoretisk læring få djupare tverrfagleg forankring og personleg uttrykk.
Vi tek imot skuleklassar og barnehagar på alle trinn, og tilbyr ulike opplegg i tilknyting til bygningane i friluftsmuseet og dei skiftande utstillingane våre. Opplegga er tilpassa klassetrinnet og har forankring til læreplanmål. Opplegga kan og kombinerast med aktivitetar i tunet og turstiane våre.  
 

skuletilbod

 

Tilbod for hausten/jula 2018


  •  DKS: "Tidskapselen"

Dette er eit formidlingstilbod til alle 9. klassingar i fylket, der kvar skule får sitt museum dei skal besøke.
Tidsperiode: September-oktober 2018.

Målet er mellom anna at elevane skal bli kjende med kulturarv og museumsarbeid, og museet i sitt eige nærmiljø.
I tillegg skal vi sjå på korleis kulturarv er med å gje grunnlag for identitet og forståelse for eigne tradisjonar som noko verdifullt. Identitetsomgrepet blir diskutert vidare i undertemaet "identitet i fortid, notid og framtid" der vi mellom anna ynskjer å gje elevane eit historisk tilbakeblikk på korleis identitetsomgrepet har endra seg gjennom dei siste 200 åra, og der vi vil gje eit bilete av kva grad unge på slutten av 1800-talet kunne forme sin eigen identitet. Kva er identitet og kva spelar inn i forming av den? Kva fridom hadde ein på slutten av 1800-talet til å forme sin eigen identitet?

Detaljert informasjon om dato for besøk etc. finn de i turnéplanen som er klar til 1. august.
Sjå elles www.skulesekken.no for meir informasjon.

 


  • Jul i gamle dagar

Kom og opplev den gode gammaldagse julestemninga her hos oss! Vi håpar på eit snødekt museumstun, og dei ulike husa våre er igjen ramme for ein innhaldsrik dag med formidling om gamle tradisjonar kring jula og oppleving av å skape høgtid med vidareføring av desse. Vi byr mellom anna på juleverkstad og besøk i utstillinga "Peparkakebygda mi". I år er det tre opplegg som de kan melde dykk på: 

 

1: Julereia, symbol og julekort
Tidsrom: kl. 10.00 – 13.00 (eller etter avtale) For barnehagar og 1. - 3. klasse.
Vi går ut i tunet der vi snakkar om julereia, tjørekross og sirklar, og vi leitar etter spor etter nissen. I Huus-stova byr vi på juleverkstad der borna/elevane skal få dekorere/lage julekort som dei kan gje til nokon dei ønskjer hell og lykke i det nye året. Vi knyter dette til den gamle tradisjonen med å ønskje god jul og «å springe julekort». I lunsjen serverer vi kakao og pepperkaker. Vi avsluttar dagen med å sjå på utstillinga «Peparkakebygda mi».

 

2: Julerebus og juleverkstad
Tidsrom: kl. 10.00 – 13.00 (eller etter avtale) For klassetrinna 3. - 7. klasse.
Elevane får utdelt rebusen som handlar om korleis ein førebudde seg til jul i «gamle dagar». Rebusen føregår ute i tunet. Elevane går ilag i små grupper (to og to, tre og tre) Del gjerne elevane i grupper på førehand, eller dei kan velje grupper sjølv når dei kjem. I Huus-stova byr vi på juleverkstad der elevane skal få dekorere/lage julekort som dei kan gje til nokon dei ønskjer hell og lykke i det nye året. Vi knyter dette til den gamle tradisjonen med å ønskje god jul og «å springe julekort».
I lunsjen serverer vi kakao og pepperkaker.
Vi avsluttar dagen med å sjå på utstillinga «Peparkakebygda mi».

 

3: Julepynt, symbolikk og tradisjonar.
Tidsrom: 10.00 – 13.00 (eller etter avtale). For klassetrinna 5. - 7. klasse
Kva pyntar vi juletreet vårt med i dag, og kva pynta dei med i gamle dagar? Kva symbolikk knyter seg til den ulike julepynten vår? Det blir vist fram og formidla om noko av den gamle julepynten frå samlinga til museet, og vi snakkar om kva ulike tradisjonar vi har.
I Huus-stova blir det juleverkstad der elevane skal få lage julepynt vi har snakka om, og dei pynter juletreet.
I lunsjen serverer vi kakao og pepperkaker.
Vi avsluttar dagen med å sjå på utstillinga «Peparkakebygda mi».

 

Opplegga ligg i følgande veker/datoar:
48: Tirsdag 27.11., onsdag 28.11., torsdag 29.11., fredag 30.11.
49: Tirsdag 04.12., onsdag 05.12., torsdag 06.12.
50: Tirsdag 11.12., onsdag 12.12., torsdag 13.12., fredag 14.12.

Pris: 40 kr. pr. Person (for kakao, pepperkaker og materialer til juleverkstad). Dersom elevar ikkje tåler mjølk ønskjer vi beskjed om dette ved påmelding og at lærar ordnar alternativ.

Kontakt formidlingsleiar Nina Renate Brendsdal ved tinging av opplegg og dersom du har spørsmål.
E-post: nina.brendsdal@misf.museum.no eller t
lf: 41 42 19 59

 

Jul

 


  • Peparkakebygda mi

 

I fjor var første året vi prøvde oss på ei peparkakebygd-utstilling, og mange var med og leverte inn flotte byggverk!
Dette vil vi gjere igjen!
J

 

Vi vil invitere både barnehagar og skuleklassar til å levere inn bidrag til årets pepperkakebygd som opnar laurdag 24. november 2018!

Vi ynskjer at store og små lagar og dekorerer pepperkakebygg som er inspirert av bygda eller nærområdet dykkar.
Kan de sjå føre dykk Mjølkerampen på Sande, "Skywalken" i Førde, ballbingen, skulen eller barnehagen dykkar som pepperkakehus?

Vi set pris på alle bidrag og gler oss til å vise fram alt det kreative born og unge har laga! Så bli med, og vis krikar og krokar av Sunnfjord i pepperkakedeig!

 

For påmelding, send ein e-post til sum@misf.museum.no. Merk e-posten med "Peparkakebygda mi".

Bidraga må leverast på museet mellom tirsdag 13. og tirsdag 20. november (i opningstida kl. 08.00-15.30).

 

 

Velkommen til kjekke og lærerike opplevingar på Sunnfjord Museum!

 

Pepperkakebygd