UTLEIGE - Sersjantløa

Eignar seg for grupper opp til 120 personar. ; Kaffitraktar. ; Fryseboks. ; Til bruk i sommarhalvåret

blank
document image 1
Sersjantløa er mykje nytta til større forsamlingar om sommaren.
blank

OM HUSET
Sersjantløa kjem frå garden Indrebø i Angedalen i Førde og fekk namnet sitt fordi Bertel Anderson Indrebø, som eigde garden mellom 1872 og 1910, hadde gått underoffiserskulen og var sersjant.

Kor gamalt huset er, er meir uvisst. Inni kan ein tydeleg sjå at det er eit eldre hus som er påbygd i lengderetninga. Den eldste delen er bygd av furu, medan den yngste er av lauvtre. I samband med påbygginga som truleg fann stad ei eller anna gang mellom 1850 og 1880, vart det også bygd fjøs og gjødselkjellar under løa. Det kan ha vore den nemnde sersjanten som bygde løa, men det kan og ha vore den tidlegare eigaren Rognald Anderson Indrebø.

Då løa vart flytta til museet i 1993 valde vi berre å flytte løa, medan fjøsen og gjødselkjellaren sto att. Slik løa står i dag inngår ho i eit tun frå kring 1850, og då var det ikkje vanleg med slike kombinerte driftsbygningar.

 MUSEET2





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

sum@misf.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07