UTLEIGE PÅ SUNNFJORD MUSEUM

Sunnfjord Museum har innreidd fire av dei antikvariske husa slik at dei kan nyttast til utleige for møte, konfirmasjonar, åremålsdagar, firmafestar, bryllaup etc. Utleiga er basert på at leigetakarar ordnar med mat sjølve, men dersom det er ynskje om det, kan museet ordne med det. ; Dersom du ynskjer ei tilskiping med spesiell atmosfære bør du ta kontakt.

blank blank

Huusstova
Eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Kjøkken. Dekketøy.

Sersjantløa
Eignar seg for grupper opp til 120 personar. Kaffitraktar, kjøleskap og fryseboks. Til bruk i sommarhalvåret.

Eldstova
Eignar seg for mindre grupper opp til 20 personar. Til bruk i sommarhalvåret..

Halbrendshuset
Huset eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Nytt moderne kjøkken. Dekketøy.

Prisar utleige av hus (Frå 01.03.2005)
Huusstova 1.900,-
Halbrendshuset 1.900,-
Sersjantløa 2.500,-
Eldstova 1.000,-


Dersom ein leiger meir enn eitt hus er det reduksjon av prisen på 15%.

DØME:
Til eit bryllaup har ein behov for Huusstova, Sersjantløa og Eldhuset. Prisen vert då 1.900,- + 2.500,- + 1.000,- minus 15%. Totalpris kr. 4.590,-.

Alle prisar gjeld frå kl.12.00 utleigedagen til kl.12.00 dagen etter, dersom anna ikkje er avtala. Treng du huset (husa) ein ekstra dag til oppdekking, pynting, rydding etc. kjem det eit tillegg i prisen på 20% pr. ekstra dag.

UTLEIGEVILKÅR

Utleigar held straum, gass, ved til omnane, lys i stakar og blomar i glaskarmane. Utleigar syter og for vask av bord, benkar og golv.

Leigetakar ryddar opp etter seg, samlar saman boss ute og inne og har det i bossdunken. Er denne full, kan bossdunk ved kontorinngang nyttast. Blir det ekstra sekker, kan desse setjast ved kontorinngangen. Leigetakar må i så fall rekne med å betale det det kostar å køyre det til bossfylling. Dei som leiger Halbrendshuset skal sjølve syte for oppvask og at dekketøy vert sett på rett plass.

Leigetakar må sjølv syte for å hente nøklar (måndag-fredag 0800-1530) og levere dei attende så snart som råd. Leigetakar skal saman med museumspersonale gå gjennom huset/husa og bli instruert i bruk av utstyret.

Vi ber om at det vert synt respekt for dei verdfulle bygningane og gjenstandane i museumsområdet. Oppsetting av framandelement i friluftsmuseet (telt, tak o.l.) kan berre gjerast etter løyve og av museet sitt fagpersonale. Vær særleg varsame ved bruk av eld/røyking. Det er røykeforbod i alle utleigehus. Grilling skal berre føregå ved tilvist stad. Røyking er tillatt ute i tilknyting til utsette askebeger. Desse skal nyttast!!

Avbestilling må gjerast seinast to veker før utleigedato. Ved for sein avbestilling må leigetakar dekke 50% av leigesummen.

Det vert rekna tillegg i prisen dersom museumspersonalet får mykje ekstraarbeid i framkant eller etterkant av eit utleigeforhold. Dette kan vere ekstra oppvask, bosskøyring, ekstra rydding, spesiell tilrettelegging o.s.v





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

post@sunnfjord.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07