UTLEIGE - Eldstova

Eignar seg for mindre grupper opp til 20 personar. Til bruk i sommarhalvåret. Vedkomfyr og elektrisk lys.

blank
document image 1
Eldstova nærast er bygt saman med eldhuset, slik det var vanleg i Sunnfjord tidlegare.
blank

OM HUSET
Eldstova som står på museet kjem frå Espeset i Gaular og er bygt saman med eldhuset frå garden Vikja på Viksdalen i Gaular. Begge husa er frå omlag same periode, kring 1850.

For å lette husarbeid og matstell, var det vanleg å flytte ut i eldstova under slåttonna om sommaren. Eldstova var oftast eit eit-roms lafta hus. Ein del eldstover hadde og to rom. Dei hadde då eit rom bak stova, kalla bakkleven eller bakkammers. Dette rommet vart nytta til mjølkestell og til å sove i. Eldstova frå Espeset har ein slik bakkleve.

Eldstove, eller matstove som det vart kalla enkelte stader, fanst på dei fleste gardane i Sunnfjord. Eldstove og eldhus var bygde saman slik at inngangen til eldstova gjekk gjennom eldhuset. I sommarhalvåret gjekk all matlaging føre seg i eldhuset

Huus3 Huus6





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

sum@misf.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07