UTLEIGE - Halbrendshuset

Huset eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Nytt moderne kjøkken. Dekketøy.

blank
document image 1
Halbrendshuset sto tidlegare som namnet tilseier, på garden Halbrend i Førde.
blank

OM HUSET
Dette bustadhuset kjem frå bruk nr.7 på Halbrend i Førde og vart sett opp på Sunnfjord Museum midt på 1990-talet. Siste eigar var Leif Halbrend. Han fekk så vidt oppleve at huset kom opp før han døydde i 1997. Han hadde eit ynskje om at huset skulle stå i Movika og vere til glede og nytte for alle.

Huset er eit typisk midtgangshus frå andre halvdel av 1800-talet med dør inn midt på langsida til ein gang og kammers/kjøkken og stover på kvar side. I dette høvet vart eine stova opphaveleg nytta som kjøkken.

Det er usikkert kor gamalt huset er, men det er med på eit av dei eldste bileta vi kjenner frå Førde frå tidleg på 1860-talet. Truleg var det nybygt på denne tida.

I samband med oppattsettinga på museet vart det bygd til eit moderne kjøkken i bakkant med gasskomfyr, oppvaskmaskin og dekketøy for opp til 50 personar.

Halb3 Halb4 Halb5





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

sum@misf.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07