Høyr deg gjennom Mostien

Kvifor er det så mange treslag i Bruahogjen? Kor høg er Huldefossen? Kor tid tok dei til å plante gran i Sunnfjord? Kva brukte dei utløene til? kva er ein støl? Kven var dei underjordiske?

blank blank

Desse og mange andre spørsmål får du svar på når Sunnfjord Museum no lanserer audioguiding på Mostien. Mostien er ein kultur- og natursti som går mellom Sunnfjord Museum og Huldefossen. Langs stien er det sett opp informasjonstavler der du gjennom tekst og bilete kan lese om natur og kulturminne langs stien. Det som no er nytt er at du kan få denne informasjonen som lyd. Det einaste du treng er ein MP3 spelar. Du kan bruke din eigen og laste ned lyden frå nettet, eller du kan låne ein ferdig klargjort spelar på museet.

Lydspora ligg føre på norsk, tysk, engelsk og persisk. Dei norske lydspora er innlesne av skodespelaren Kyrre Eikås Ottersen. Vi har gjort det slik at lydspora dels utfyller den skrivne informasjonen du finn på monterane langs stien, dels er heilt ny informasjon.

Audioguide er ei teneste der du kan laste ned lydfiler om natur- og kulturminne i Sogn og Fjordane frå internett, og kopiere til din eigen MP3-spelar, PDA eller mobiltelefon. Filene er i MP3-format og er nummerert i samsvar med informasjonspunkt på stader du kjem til. Logoen over syner kvar eit lydspor er å finne.

Audioguiden er utvikla som eit samarbeid mellom museet og Kulturnett Sogn og Fjordane og er eit resultat av prosjektet Nettbasert kulturformidling i Sogn og Fjordane, eit samarbeid mellom museum, arkiv og bibliotek i fylket.

Døme på informasjon

Last ned Audioguide

Mostien1 Mostien2 Mostien 3 Mostien 4 Mostien 5

 





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

sum@misf.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07