UTLEIGE - Huusstova

Eignar seg for grupper opp til 40 personar. Heilårsbruk. Kjøkken. Dekketøy

blank
document image 1
Huusstova ligg sentralt i museumstunet
blank

OM HUSET
Huusstova kjem frå garden Huus på Jølster. Stova kom til museet i 1982, og etter å ha vore lagra nokre år vart ho sett opp att i 1988.

Huusstova er ei gamal sperrestove eller røykomnstove som var det vanlege bustadhuset på gardane i Sunnfjord tidlegare. Eldste del av huset skal vere frå kring 1680. Sperrestovene var det vanlege bustadhuset i Sunnfjord heilt fram til midten av 1800-talet då dei etter kvart vart erstatta av lemstover, dvs stover med lem (loft) over stoverommet. Dette heng mellom anna saman med kva eldstad dei hadde i huset. I Sunnfjord var røykomnen, ein open eldstad utan skorstein, svært seigliva og vanleg til langt ut på 1800-talet før han vart erstatta av ein meir moderne skorsteinseldstad.

Trerom Tre-romsstova slik ho har vore bygd i Sunnfjord. Sjølve stova og kleven er lafta, medan gangen er i grindkonstruksjon. Inngangen til huset er alltid i gangen, enten frå langsida slik som på teikninga, eller frå gavlsida slik som i Huusstova.
Langs veggane er det benkar, og i hjørnet inn mot kleven står røykomnen

Sperrestova er som namnet seier open heilt opp i takbjelkane (sperra) der det var ein opning (ljore) som kunne opnast for å sleppe ut røyken frå røykomnen. Sperrestovene har alltid 3-romsplan, der ein først kjem inn i ein gang, før ein går vidare inn i stova. Ved sida av gangen er det eit anna rom, kove eller kleve, som også hadde inngang til stova. Denne kleven vart ofte gjort om til kjøkken. Over gangen og kleven var det oftast lem (loft).

Huus4 kjøkken huusstova





Tilbake

Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta

Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6800 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Fax (+47) 57 72 12 29

sum@misf.museum.no

Information in English 

Kulturnett Sogn og Fjordane
Fylkesatlas
Geoatlas
Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07

Terning

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis"
VG 25.07.07