Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6819 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Mob (+47) 905 47 124

sum@misf.museum.no

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis" VG 25.07.07


"..Et hyggelig friluftmuseum med flinke omvisere og interessante temautstillinger." VG 01.07.12
Torsdag på Sunnfjord Museum 25. april
 
 Botnane Haukedalen
Botnane - ut mot havet. Haukedalen - opp på fjellet
 

Vi byr på KVINNESTEMMER FRÅ SOGN OG FJORDANE – ei førpremiere på temaet for utstillingar og arrangement som skal prege musea i jubileumsåret for Sogn og Fjordane fylke (250 år) og Stemmerett for kvinner (100 år) i 2013.

Vi opnar jubileumsåret denne torsdagen med å setje lys på dei nære i tid og stad: Kvinner som bur og verkar her i dag. Nokre er fødde og oppvaksne her, men har vore vekke for utdanning og andre gjeremål, andre har alltid hatt sitt virke her, innan jordbruk eller anna. Og så har vi dei som har funne kjærleiken i ein odelsgut og har slått seg til på «heimebøen», noko som har skjedd til alle tider.

Ramma rundt kvelden er utstillinga Kjælne kjevler og tomme hender av Hans Sande. Sande har dei siste åra leika seg seriøst med å lage uvanlege kjevle i mange fasongar. Med godt handarbeid og underfundige tekstar opnar han opp til eit univers for undring, morskap og klokskap. Respekten for kjevlet si rolle som verdiskapar gjennom tidene er sentral!

Magni Øvrebotten vil kåsere om å vekse opp som dotter på eit småbruk i Botnane, tilhøyre generasjonen som kunne følgje draumar om sjølvrealisering, og korleis mange val og livet sjølv er farga av denne bakgrunnen. Mor er til stades i boka «Småbrukarkona fortel». Mange vil kjenne seg igjen i historiane hennar slik dei framstod i Bergens Tidende på 1960-talet med snertne illustrasjonar av Sverre Bø.

Vi gler oss også til å få Songgruppa frå Haukedalen med på denne kvelden! Songglade damer i alderen 35 – 70 år, innfødde og tilflytta, har funne tonen og starta kor. Gjennom vekefaste øvingskveldar, tilpassa fjøstid og legging av ungar, har dei skapt eit viktig møtepunkt i grenda og gler både seg sjølve og andre med fleirstemt song. Kjekke karar med trekkspel er akkompagnatørar, så når dei spelar opp til allsong med gamle slagerar er det lett å stemme i.

Ei fargerik og fleirstemt forsamling vil by på seg sjølve denne torsdagen!
Sunnfjord Museum ønskjer alle – kvinner og menn – hjarteleg velkomne til ein minnerik torsdagskveld på museet!

 



Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta