Kontaktinformasjon
Sunnfjord Museum
Movika, 6819 Førde

Tlf (+47) 57 72 12 20
Mob (+47) 905 47 124

sum@misf.museum.no

"..Museet er et idyllisk og interessant sted å ta en pause underveis" VG 25.07.07


"..Et hyggelig friluftmuseum med flinke omvisere og interessante temautstillinger." VG 01.07.12
SKULEPORTEN - UNDERVISNINGSTILBOD
 
Sunnfjord Museum tek imot skuleklassar og barnehagar på alle nivå.
bilde

Kontaktperson på museet er Oddbjørg Hjelmeland.

Museet kan tilby gratis skuleopplegg i tilknyting til friluftsmuseet og til utstillingar i hovudbygningen. I tillegg vil vi også utforme undervisningstilbod etter spesielle emne og ynske.

Kvar haust og vår utarbeider museet eigne undervisningsopplegg for barnehagane og dei ulike klassetrinna i grunnskulen. Desse opplegga er som oftast basert på ein heil skuledag og på aktiv medverknad frå elevane i løysing av praktiske oppgåver.

Informasjon om desse skuleopplegga går ut til alle grunnskulane i Sunnfjord i god tid med høve til å melde seg på.

Vi har eit eige underisningsopplegg som går på Hus og Byggeskikk i Sogn og Fjordane. Dette finn du meir informasjon om her

Andre læringsressursar i Sogn og Fjordane finn du på:

Link til skulestova



Copyright © Sunnfjord Museum • Alt innhald er opphavsrettsleg beskytta